Ei spesiell historie |
![]() |
Frå gamalt av var det to dører ved sida av kvarandre inn til stova.
Denne eine døra vart berre nytta til å bera lik ut.
Ho vart ikkje brukt elles. Grunnen til dette var at dersom ein bar den avlidne ut
den vanlege døra, ville den døde gå att og spøkja. Etter ei ombygging murte ein opp
ein brannmur i den eine døropninga og sette opp ein fint dekorert støypejarnsomn. På biletet kan ein sjå kor opninga har vore, og øvst så vidt skimta boga som har vore over døra. |
Sida er laga av Jan Henrik Reksten
Oppdatert 20.april 2000