HOLMESTOVA

STOVA VERT VURDERT
RØYKSTOVE
UTVENDIG
FANGEHOL
KOR GAMAL ER HOLMESTOVA?
KVA VERT HOLMESTOVA BRUKT TIL I DAG?

Det er ikkje mange hus i bygdene i Nordhordland som går framom Holmestova korkje i alder eller venleik. Gjennom hundrer av år har stova stått på same plassen og sett slekter koma og gå. Ho viser at dei gamle kunne sitt handverk og at sansen for det som skapte venleik var stor.
Ei av grunnene til at Holmestova har halde seg så godt, er at det alltid har budd folk i henne heilt fram til hausten 1958. Då flytta Knut Holme og systrene hans, Anna og Martha, inn i nytt hus som var reist i same tunet. Då dei hadde valet mellom å ta ei storvøle på stova, eller å bu under meir moderne tilhøve, valde dei det siste.
Då var spørsmålet kva som skulle skje med Holmestova. Til sist vart det slik at interesserte i Meland fekk kjøpa huset og grunnen med det føremålet å setja det i stand. Meland kommune støtta tiltaket med ei løyving på 3000kr. Ein bra sum den gongen.

STOVA VERT VURDERT

I 1960 gjekk Per Gjærder frå Historisk Museum gjennom stova og gav ei utgreiing om henne. Han sa mellom anna at sjølve stova er eldre enn resten av huset. Den har etter det ein trur vore ei treromsstove med forgang, kove og soverom. Ho har hatt to dører mot stoverommet, men den eine er no murt att og er bakvegg til grua. Grunnen til at stova hadde to dører, knyttar det seg ei spesiell historie til.

RØYKSTOVE

Ljoreboge. 
Foto: J. H. RekstenI Per Gjærder si utgreiing sa han at lemmen burde fjernast. Dette er gjort slik at stoverommet med ljoren kjem til sin rett. Ein kan og sjå merker i veggen som tyder på at det har stått ein røykomn i kroken til venstre når ein går inn stovedøra.
Ljorebogen er forsynt med karveskurdrosettar og ornament.
Stovetømmeret er av imponerande dimensjonar og fint utforma. Veggane er bygd av berre seks omfar (stokkar). Ei gamal segn fortel at tømmeret er hogd i Hoplandsmarka like ved stova. Og dette er ikkje utruleg. For her finn ein den dag i dag store røter i myrane. Holmestova har etter det ein trur vore påbygd eit par gongar. Slik ho ser ut i dag vart ho antakeleg tidleg på 1800-talet.

UTVENDIG

Holmestove er panelt utvendig med liggjande bordkledning,Kjellardøra. 
Foto: J. H. Reksten og der er torv på taket. Grunnmuren er av gråstein med eit lite kjellarrom under stova. I sør er det bygd ein murvegg inntil huset, og den har nok livda og teke av for ver og vind. Dette er ein vanleg byggjemåte på mange gardar rundt om i Meland. Det er kanskje takka vera denne murveggen at stova har helde seg så godt som ho har.

FANGEHOL

Kjellarromet under huset har ikkje vore sida huset var bygd, men er gravd ut seinare. Historia fortel at det har mellom anna vore nytta til fangehol. Og det fangeholet har hatt storfin vitjing. Veggane i fangeholet er av solid gråstein utan vindauge. Til og med sengebenken er av solid gråstein og "nattbordet" ved sida av like eins. Takhøgda er om lag 170 cm, og høgda på inngangsdøra tjue cm lågare.

KOR GAMAL ER HOLMESTOVA?

I diskusjonen om kor tid Holmestova blei bygd, meiner ein no at ein kan tidfesta dette nøyaktig. Ein gong då ein heldt på å vøla på noko på huset, kom ein over ei fjøl med bokstavane ANO MDLI som tyder 1551. Ein er ganske sikker på at dette er byggjeårstalet. For dei gamle lensrekneskapa syner at i året 1563 budde to mann på Holme som det året betalte lensskatt. Den eine var husmann og heitte Anders. Den andre heitte Peder på Holm. Utan å kunna seia det sikkert, trur ein at det var han som bygde stova og var den første som budde i ho.

KVA VERT HOLMESTOVA BRUKT TIL I DAG?

Ein kan i dag trygt kalla Holmestova for eit levande museum. Det er fullt mogeleg å få sjå og kjenna på dei fleste gjenstandane som står framme. Det er gamle, skjøre ting mykje av det som Holmespel. 
Foto:Stein Flataker er der, så derfor har Meland kommune tilsett omvisarar i sommarhalvåret slik at dei som vitjar Holmestova kan få rettleiing og få høyra dei historiene som høyrer til stova og ulike gjenstandar.Det er mykje familiar som kjem, men og lag og firma legg turar til Holmestova. Og det er godt mogeleg å benkja seg rundt langbordet og til eit måltid i gamle omgjevnader dersom ein har planlagt dette på førehand. Holmestova har teke imot mange 'blåturar' og det har vore arrangert møte av ymse slag. Ja, til og med bryllupsfest har det vore her for ikkje så lenge sidan. Biletet er frå eit spel om dagleglivet i Holmestova for lenge sidan skrive av Sigbjørn Heie.

 

Til toppen av sida.



Tilbake til
Ekskursjonsmål i Meland | Holmeområdet

 

Sida er laga av Jan Henrik Reksten
Oppdatert 19.april 2000