HOLMEOMRÅDET

Området rundt Holmeknappen i Meland kommune er historisk sett eit interessant område. Holmestova og Sjøbua på Holmeknappen er kulturminne det er vel verdt å vitja. Holmeknappen er frå gamalt av ein sentral plass for folk i Vestbygd på øya Holsnøy i Nordhordland. Frå gamalt av var dette støet viktig for folket til byføring; som utgangspunkt for ferdsle til Bergen. I forteljinga "På torghandel i Bergen" fortel Helga Storedale Tjønn om den ti år gamle Karl Tveit som i 1904 dreg ut frå Holmeknappen saman med mor si for å selja varer på torget i Bergen.
Det har vore bakeri, butikk og hotelldrift på plassen. Bakeriet og butikken er i dag forsvunne, men hotellbygningen står framleis der og vert i dag brukt som privat bolig.


Gamalt bilete Holmeknappen. 
Foto: gamalt postkort

Biletet er teke frå fjøra på Holmeknappen omkring 1910.
Hotellet ser ein til venstre på biletet, og bak det kan ein sjå det gamle bakeriet. Sjøbua ligg til høgre for biletet, og Holmestova ca 400m oppover langs vegen.

Til toppen av sida.
 


Tilbake til
Ekskursjonsmål i Meland

Sida er laga av Jan Henrik Reksten
Oppdatert 19.april 2000